- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
179

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

nok vera noko uvisst. Lærar Anders Sunde, Rennebu, som
hev røkt nøgje etter, hallar til den trui, at formi Tranem,
i dei tilfelli ho er kjend fraa Rennebu i nyare tid, er
innførd sunnanfraa.[1] Det er ikkje radt avgjort korleis det er
med det. Men um so skulde vera, og ei serskild
dialektform for bynamnet Trondheim soleis ikkje var visst
avheimla fraa sjølve Trøndelag i notidi, so hev paa den
andre sida ikkje det heller noko aa segja. Det provar ikkje
noko um at «Tronjem» hev heimlegt upphav i
Trøndelag. I bygdene i Trøndelag sagde og segjer dei for det
aller meste berre «Byen» naar dei meiner Trondheim. Dei
nemner svært sjeldan bynamnet. Daa hadde
bygdemaalsformer serskilt lett for aa koma burt; ein skulde nettupp
venta at skriftformi vilde trengja seg tidleg inn der og
skuva bygdemaalsformer til sides.

«Trondhjem» er ikkje nokor heimleg namneform i sjølve
Trøndelag heller. Og det er ikkje ført noko slag prov for
at dialekt-uttala der hev vore med og hjelpt fram det
unasjonale namnet som me hev no. Det norske
Trondheim og Trandheim [2] — med sine variantar — hev reint
mekanisk vorte umbytt i skrift med det danske
Trondhjem yver heile lina. Det hev vorte «oversat», som P. A.
Munch skreiv.[3] Og etter den nye, danske skriftformi hev
dei so laga ei ny, unorsk uttale.

«Trondhjem» er like unorsk alle stader.

Naar dette er klaart, so er det òg visst at skrivemaaten
Trondhjem vil ikkje kunna halda seg. Det er tvillaust,
at den veksande spraaklege nasjonalkjensla med tidi vil
reagera aalment mot eit dansk-skrive namn paa den


[1] Ei upplysning i Norske Gaardnavne XVIII, s. 40 um uttala i
Rennebu er ei misprenting (Rennebu for Rendalen). Det er andre,
direkte uppgaavor fraa bygdi som me held oss til her.
[2] I uttala vart
det norske namnet til -eim, -em, -um, og difor kunde ein faa
reducera
norske skriftformer (t. d. Trondem), men til Trondhjem kunde
det ikkje føra.
[3] Lærde brev fraa og til P. A. Munch, utgj. ved
Gustav Indrebø og Oluf Kolsrud, I, s. 7. — Dr. Jørgen Reitan òg held
«Trondhjem» i trøndske maalføre for fordansking (Nytrøndsk
ordforkortning, s. 17).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free