- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
28

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Grønkaal (kruskaal) bryr me oss altfor lite um
her i lande. Det er det kaale som der er mest mat i
av alle;1) og det er som serskilt skapt aat oss, med
di at det kann staa ute heile vinteren. Grønkaal,
som er koka og finhakka i eit grand duppe av
smør og mjøl og lite mjølk (eller likso godt av
friskt flot — supefeitt — og mjøl, gjødt med kraft),
er fullgod mat, um so utan kjøt, berre med nokre
steikte jordeple attaat. Og endaa betre med
hardkokte egg. Hev ein nøgdi sovori grønkaalstuving,
og jordeple og llatbraud attaat, og nokre smaae
pølsur (kurv) eller aldri so lite kjøt, so er det
fullgod nonsmat („middag"), um ein so ikkje hev
supand. I Danmark hev „grønlangkaal" vori
eldgamal jolemat. Dei hakka han som me gjer, og
kokte han i skinkekrafti. Framifraa ettermat
(godsmakande og helsesam), og det til alle maal,
er eit eller tvo steikte eple.

Steikt Hesk aaleine er svær kost; men saman
med. flatbraud (riklegt!) og ymist uppskorne røtar
bruna i lleskefeita (eller berre koka heile saman
med jordepli), vert det helsesamt og. Bruna eller
kokte røtar (kvite og gule) er gode til all kjøtmat.
Ein framifraa lin rett fær ein av eit grand sau-kjøt,
(ukse, kalv, villt greider seg og), naar ein lagar
det med brune baunur („bønner") eller røtar
(mykje!), som ein brunar saman med kjøte. Det
er dette dei kallar ragout de mouton i Frankrike
(sjaa „Heirnestell").

Erter og baunur („bønner") av alle slag er
baade gode og framifraa næringsrike; og ein kann

dei arbeide og vénst med det, so dei sidan skynar at hagen
høyrer til paa ein gard, likso vel som eng og aaker.

’) Det inneheld: Eggjekvite 4 °/o, feitt 1 %, sukker 1 ’A °/o, kolhydrat
10 »/o, salt 1 ’/a o/o, tre-to 1«/« °/o, vatn 80 «la. (Gode mjølne jordeple
hev paalag 24 °/o næringsverdi. Blomkaal hev til samanlikning:
Eggjekvite 2>h o/o, feitt ’h °/o. sukker IVi o/o, kolhydrat 8’/« V,
salt 8/1 «la, tre-to 1 °/o, vatn 91 °/o.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free