- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
24

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 3. Den gamalnorske tidi (1000—1350) - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

24
toko þau þa hondum saman Æirikr bondi Guðrunar (ok) Halldora
kona Orms, ok jattaði þa Æirikr solu Guðrunar ok kaupi Orms.


Umsetjing: Av di al Eirik, mannen hennar Gudrun, ikkje
var tilstadar ved denne handelen, kom dei alle saman andre
gongen i loftet hjaa herre Erling i Hildegarden, og tok dei
daa kvarandre i handi, Eirik mannen hennar Gudrun, og
Haldora kona hans Orm, og samtykte daa Eirik i salet som Gudrun,
og kaupet som Orm (hadde gjort). (Or det norske
diplomatarium).

Sudvestnorsk IIb (islandsk noko etter 1300):
Nú at bændr ok alþyða viti sik þvi skyldugari til hollostu ok
þegnskyldu ok hlyðni við konung, þaa skulu þeir … eið sverja
konungi.


Umsetjing: At bønder og aalmuge kann kjenna seg dess
meir skyldige til hyllest og undersaatsplikt og lydnad mot
kongen, daa skal dei sverja kongen eid. (Or Jónsbók).


I den eldste tid møter me berre maalføre —
reine eller blanda — i skrifti. Men umkring 1300
kjem der fram i kongebrevi eit norsk riksmaal,
bygt paa trøndsk med ein svip av vestlandsk,
og som kanskje hev vore hirdmaal. Denne
skrivemaaten tok daa aalmenningen her i landet mykje
etter, medan islendingen heldt meir fram i den
gamle stemna og skreiv sitt eige maalføre.

Etter 1319 var Norig sambunde med Sverike.
Ei svensk baara kjem inn yver landet, og slær
lag med eit sterkt straumdrag fraa Vest-Europa,
som Norig lenge hadde havt samferdsl med. Alt
dette gjev maalføri her heime ei stemna so ulik
den leidi det islandske maalføret gjekk i, at det alt
fyre 1350 er audsynt at norsken i det heile vilde
fylgja ein annan veg enn islandsken.

4. Den millomnorske tidi (1350—1525).



Dette tidebilet var i det heile ei nedgangstid
for Norig. Daa det byrja, laag landet herja av
den store manndauden, baade heimlandet og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free