- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
5

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er fulle. Men ein kann ikkje lita paa deim naar dei er æd rue
heller.

Slike ungdomar som Peer Gynt, som vasar ungdoms-tidi
burt: gjentor som driv med „jugl og jaal og inkjevetta", gutar,
som turar og drikk og flyg etter gjentone, — vaar tid hev ikkje
bruk for slik ungdom: ho kjem til aa sopa deim burt.

Det er eit faktum at blaut-dyri døyr ut; det er dei som
hev rygg-rad og merg som eig framtidi. Det er det me kallar
det naturlege utvalet, som livsens herre hev sett til lov for alt
liv: at det som ikkje duger, det kjem ut or dansen.

Di kvassare kravi vert i vaar tid, di vissare vil det ganga so.

Her heime i vaare smaa forhold, merkar me enno ikkje
so mykje til det. Me gjeng og sullar og dullar med oss sjølve
so smaatt: um ein ikkje vil arbeida, so fær han no mat lel;
um ein drikk upp det han tener, so svelt han no ikkje i hel,
han hev daa denne velsigna fatig-kassa aa falla til bakars paa.

I større forhold, slike som i Amerika, — der er det plent
som du vert kasta paa sjøen der; no lyt du sparka, gut, elles
so druknar du! Det er hardt. Men det er sunt. Det
skapar energi.

„Det er ei fæl tid me liver i no," segjer mange. Det er ikkje
sant. Ei tid som set so store krav, ho er ikkje fæl. Ei tid som
gjev oss so mykje aa gjera, ho er ikkje fæl, ho er rik. Ei
vanskeleg tid, det kann vera sant; men det skal me ikkje syta med.
Vanskane skapar karakterar. Den fura som veks i feit jord, vert
jamnaste upp i berre geite. Men den fura som veks i mager
jord, i bergskorta, og maa stri for livet, av henne vert det mai m.

Eg meiner vaar tid er vel skikka til aa skapa malm i
ungdomen. Eg meiner: den ungdomen som ikkje let seg skapa til
malm, han kjem ut or konkurransen. Eit folk som hev mykje
slik blaut ungdom, vil ikkje greida seg i kapp-rennet millom
folkeslagi.

Her gjeld det livet for folket vaart. Her er nøgdi av deim
som vil skuva oss til sides. Me snakka so gildt um at me skulde
faa ein ny arbeids-dag etter 1905. Det ser ut til at svenskane
hev fenge den nye arbeids-dagen. Me hev enno ikkje fenge
stort av han. Tek me oss ikkje tneir paa tak me nordmenn, so
kjem me i skuggen.

Ein ting me seint lærer her i landet, det er aa passa tidi.
Tid er pengar, segjer amerikanarane; og dei tek til aa læra det
i andre land. Her i landet segjer me x for u og seks for sju.
Me held ikkje so nogje paa ein halv time eller ein time aa
sumla burt. Paa jarnvegsstasjonar, paa dampbaatsbryggjor, paa
auksjonar, paa kafear: i hundrad vis av norsk ungdom som heng
og sleng. Eit sovore folk er vandalaust aa konkurrera med.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free