- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
29

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Færøybunaden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 29 —-

fekk eg teikna paa i N. husfl.; det kosta med
garn paa lag kr. 8.00. 1 m. svart damask til
forklæde kr. 3.00. Skoning, garn, for til livstykke
og kanteband kr. 1.00. Skjorte med uvande raude
heimevovne band paa: kr. 2.50. (Eg likar best
ubleikt lereft). Med hallingbord vert det noko dyrare.
Utlegg i alt: kr. 26 50. Eg var heppi og fekk
noko umframt billegt verken som likevel er vent.

Arbeide er kje so seint som ein skulde tru.
Noko tid maa ein hava, naar det skal vera so
mykje krotsaum som paa denne; men det gjeng
utruleg radt likevel med det grove ullgarne. Noko
sers vandt er det ikkje heller; eg hadde aldri
sauma slikt fyrr, og er ikkje noko serskilt hendt
heller til sovori; men det var kje lengi, so gjekk
det utruleg.

Kvardagsbunad fraa Hallingdal kann ein saume
paa eit par dagar, um ein er eit grand snarhendt.
Den raude skjorta vert klipt som den kvite; men
ein kann setja i eit for av lereft, um ein vil.
Utan för er dei lettare aa vaske, men mykje
mindre varme Sylv er fint, allvisst til høgtid ; men
den som skal kaupe alt fær byrja smaatt. Ei ven
ringsylgje kann ein faa for rimeleg pris, og like
eins nokre knappar.

Verre er det med karmanns-bunaden. Der
krevst vadmaal og mange sylvknappar; og daa feil
det dyrare. Men ein fær kje vera raadlaus. Kann
ein ikkje, som best er, kaupe alle sylvknappane
med ein gong, so kann ein faa uægte no, som
klarar seg rett godt for ei tid; og dei kann ein
daa byte um etterkvart. Like eins fær ein gjera
med spenne. Men sjølvsagt løner det seg paa
lengdi best aa faa alt ægte med ein gong; og ein
kann dertil trøyste seg med, at ein her ikkje treng
nytt kvar gong det kjem ein ny mote til lande.

Vadmaal held mest for livetidi til høgtidsbruk;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free