- Project Runeberg -  Instituttet for sammenlignende kulturforskning : beretning om dets virksomhet inntil sommeren 1931 /
121

(1931) [MARC] Author: Fredrik Stang
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Bondesamfundets utviklingsformer

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bondesamfundets utvikling sformer 121
ålmenn interessa som knyter seg til sæterbruket. Kunde
me få greida på framvoksteren i 2—3 distrikt som ikkje
ligg altfor nær kvarandre, vilde det dessutan tvillaust
vera eit og anna å læra av ei jamføring, og det er ikkje
utenkjeleg at me tolleg snart vilde kunne skimta sume
resultat. Samstundes vil ein av sjølve spesialstudiet —
vel å merka når ein studerar tilhøvi i minst tvo eller tri
ulike distrikt — kunna læra kva slag upplysningar ein
serleg bør leggja vekt på å samla inn, og kva det difor
vil høva å taka med og ikkje taka med på eit eventuelt
spyrjeskjema. Det karm millom anna tenkjast at råma
for innsamlingsarbeidet bør utvidast noko. Til alt dette
kjem so at dei folk som ein fær til å gjera arbeidet ute
i bygdene, hev bruk for rettleiding i ei eller onnor form.
Eit fyrelesingskurs er halde, og det hev vore tale um eitt
til. Men sant å segja er eg ikkje absolutt yvertydd um
at slike kurs åleme fører fram når det gjeld arbeidsrett
leiding. Det torer vera eit spursmål um ikkje ei bok
um sæterbruket i eit mindre strok — so allsidig som ho
for tidi karm gjerast, og med dryfting av visse sentrale
problem som reiser seg under arbeidet med eit konkret
tilfang — både vil gjeva greidare praktisk orientering
og i det heile gjera betre nytte for seg. Elles vilde det
kanskje ikkje vera or vegen å kombinera ei fyrelesings
rekkja med seminarøvingar, der det sjølvsagt vart bruk
for hjelpebøker.
Eg gjeng dinæst yver til dei einskilde arbeidsupp
gåvane som etter mi meining er aktuelle no.»
Efter en kort bemerkning om ordningen av det inn
samlede materiale nevner forfatteren enkelte spesial
avhandlinger som han tenker sig at det foreløbig kan bli
tale om å få utarbeidet, og fortsetter:
«Som eg fyrr hev peika på, lyt ein i kvart einskilt
arbeid av dette slaget freista å føra etterrøkjingi so langt
attyver i tidi som mogeleg. Ein karm difor ikkje nøgja
seg berre med dei upplysningane som er innsamla på
staden, men lyt dessutan nytta ut eldre kjeldor. Alt frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:59:46 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/instkult/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free