- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
134

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134

livet, og det er meg ein vinning å døy,» stod det på fransk
yver Nilsen Lund. Attmed låg på eine sida ei engelsk
grav med innskrift «Evigt liv», på andre sida ei tysk grav
med innskrift «Gud er kjærleik». Dei hadde noko å
for-telja, dei gravene!

*



Alle tilreisande skulde etter fransk lov løysa
«identitetskort» når dei hadde vore i landet minst tvo månader.
Det kosta ioo francs for kvar av oss. Fem gonger var
eg på kontoret, og fekk ikkje greidt det! Eg høyrde seinare
at ein laut gjeva drikkepengar til kontorfolki, skulde ein
greida sitt ærend!

I det heile var det mykje rotenskap i fransk
administrasjon. Å koma med i kommunestyre eller landsstyre
var snar-veg til rikdom! Eit amerikansk lag brukte nett
då me var der, ein million francs til å smyrja bystyret
i Nizza til å få løyve å byggja eit flott hotell med opera
og innandørs hage!

Idealistar skipa seg i hop til opposisjon mot vanstyret.

Rojalistar nemndest dei; men nokor von um å få

fram kongs-emnet sitt hadde dei ikkje.

*



I Genua preika eg på nynorsk i den tyske
sjømanns-kyrkja. Eg vart kjend med den svenske sjømannspresten
der då han gjorde tenesta i’ Nizza. Han fekk husvære
åt meg i den tyske sjømannsheimen i Genua. Eg var
med pikskandinavisk sjømannsfest der ein kveld. Eg fekk
låna dei svenske presteklædi hans til den heilnorske
gudstenesta. Der møtte både nordmenn, svenskar,
danskar og islendingar. Jamvel generalkonsul Huitfeldt
var frammøtt. Men so hadde Torkell Løvland, sekretæren
hans, lagt seg ut um å få folk til å møta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free