- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
92

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

92

dyrking i Sørfjorden, og eitt til studnad for historiske
granskingar, dei skulde båe stå i banken nokre år og samla
renter, og so skulde rentene kvart år etlast ut, til Hardanger
historielag eller soge-granskarar i Hardanger, og til
ære-premi for glupe fruktdyrkarar. Olafsens vitskaplege
interesser gav han rom millom vitskapsfolk. Han fekk på
resten kongens fortenestmedalja i gull.

Men meir enn vitskapsmann var han noko av ein
kunstnar. Når han var i beste lag, fekk han inspirasjonar
som gjorde han veltalande. Ei stor stund hadde han
då han på Krossvoll-festen i 1903 tala for Bjørnstjerne
Bjørnson. Det var i det heile ein fest som Bjørnson
var gripen av. Til Olafsen sa han etter tala hans: den
kom De godt ifra, sogneprest!

Mange vil minnast dei åndfulle spirituelle taler og
foredrag Olafsen heldt ved møte og stemner. På
preike-stolen var han derimot tidaste noko turr, er det sagt.

Større enn både vitskapsmannen og kunstnaren var
mennesket Olafsen. Han var som eit godt barn, eit stort
barn, med store barne-augo som skein av livsgleda.

Det var vanskelegt å verta vond på han. Um han
sumtid gjekk og såg skeivt til ettermannen sin, so lyddest
kritikken hans meir som ei påminning frå ein venleg
tuftekall. Det høvde her og å koma i hug at han var ekte
stemningsmenneske!

Kor høgt han elska Ullensvang! bygdi og folket og
ungdomen! og Ullensvang prestegard! Det var synd og
skade at ikkje Olaf Olafsen fekk bu sine siste år i
Ullensvang. Men gravi hans ligg her, freda av heradsstyret for
alle tider.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free