- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
70

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7C

gløymde, vil heimssoga prisa det som norske misjonærar
hev gjort på Madagaskar.»

Eg var uppvaksen i ein heim der misjonsarbeidet stod
høgt. Frå barndomen var eg kjend i misjonssoga vår.
Ei tid hadde eg jamvel tenkt på å verta misjonær; det
vai helst nervane mine som la seg i vegen. Min gode ven
Johs. Johnsen sa elles til meg, med sitt intuitive klårsyn:
du skal vera heime!

Det fall naturlegt for meg å slå til ljod for
heidning-misjonen. Ein gong sa eg i eit foredrag på Krossvoll:
«Det arbeidet fleire av våre landsmenn hev gjort på
misjonsmarkene, kan hugheilt nemnast jamsides det
Fridtjof Nansen og Roald Amundsen hev gjort.» Då
var det ein i flokken som sa høgt nei.

Krinssekretæren presten P. Dreyer tala saki her i fjorden
med god verknad. Endå meir verka det når misjonærane

våre vitja oss. Sers lyt eg nemna Johs. Johnson.

*



Det var Ullensvang folkeakademi som fekk Johnson hit.
Heradsgartnar Einset var formann i folkeakademiet. Han
var glup til å få tak i talarar: generalsekretær Chr. Lange,
professor Fr. Paasche, landbruksdirektør Hirsch. Lange
møtte på ei sumarstemna etter fer di si; han sa han hadde
snaudt nokon stad tala for so vakne folk som her.

Johs. Johnson heldt foredrag um «animismen», den
gamle religion på Madagaskar og andre stader. Folk lydde,
og gøymde: dei fekk nytt syn på det som trælkar
heid-ningfolki, og som ropar til oss kristne um hjelp. Det var
ovgildt at Johnson kom til Sørfjorden fyrr han døydde.
Han levde snaudt eitt år lenger.

Det er ålkjent at han fekk eit brev frå hovudstyret
i Stavanger same morgon han døydde. Han hadde skrive

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free