- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
59

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

kritikken døyvde det framtaket. Det gjekk meg som det
gjekk M. B. Landstad: han hadde bore inn i den norske
kyrkja heggeblom og bjørkelauv til å gjera kyrkja meir
heimleg! «kommisjonen» kasta ut att det meste!

Kritikken hefte seg ved andre ting og. Sume meinte
det var gale å skipa rekkjefylgja alfabetisk etter namni
på «diktarane»; dei vilde som fyrr ha saklege bolkar.
Men no hev visst alle røynt fyremunen med den
skipnaden me valde.

#

Det var eit veldigt tap for Hardanger folkehøgskule
då Jon Mannsåker vart stortingsmann. Han tok
stortings-yrket ålvorleg, og fyllte sitt rom der dg. Men
høgskule-vener klaga: skal Mannsåker vera på Stortinget, lyt han
segja frå seg skuleposten. Det gjorde han, fekk seg preste-

embete og flutte frå Ullensvang.

#

Den nye høgskulestyraren var gamal i garden, Anders
Skodvin. Han hadde i sju år vore styrar av ein fylkesskule
i Rogaland. Det viste seg at han i mange måtar var ein
god mann for Hardanger folkehøgskule. Han hadde ein
makelaus givnad til å gripa ungdomen. Han åtte eit
ålvor og ei andakt midt i sitt logne humor. Eg hev aldri
høyrt hans make til å få sagt ålvorsord på sin jamne
rolege måte, so dei gjekk beint til hjarta. Han vann tillit
utetter heile Hardanger. Han kom i kontakt med
misjons-folket. Dei heldt stemner på Hordatun, både for ytre og
indre misjon.

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free