- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
23

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

dei tsjekkiske attestane hans. Ein heil slump
frelses-soldatar var med i brudlaupet. Eit snaudt halv-år etter
kom dei tvo til kyrkja ein laurdags ettermiddag med fem
dåpsbarn! Eit ektepar hadde rømt frå barneflokken sin.
Forsorgs-stellet tok seg av borni. Og dei tvo nygifte
baud seg til å taka alle fem. Dei tvo eldste skulde vera
heimedøypte på Troms; eldste guten mintest at presten
hadde vore heime til dei og aust vatn yver dei! Etter
mykje brevskifte med sokneprestane i Tromsøy-sund og
på Troms fanst dei tvo borni uppførde i dagsregistret med
namns nemning. So kunde eg stadfesta heimedåpen for
dei tvo og døypa dei tri minste. Eg sa til tsjekkaren: «Det
er mykje på eitt år dette du! Du hev vorte eit nytt
menneske, hev fenge heim og kona og fem born!» Han stråla
yver heile andletet.

Einaste gong i mitt preste-liv eg hev havt med
ekte-skaps-skilsmål å gjera, var i Odda. Ein mann vilde skiljast
frå kona si, ho hadde rømt med ein annan mann. Etter
lovi skulde presten freista å mekla! Eg skreiv: då kona
hev rømt med ein annan mann, er det uråd å mekla millom
ektefolk.

I Odda er ogso einaste venda eg hev vigt fråskilde.
Eg røkte etter samanhengen og fann rimeleg grunn både
til skilsmål og til nytt ekteskap. I sume andre tilfelle
hev eg nekta å vigja fråskilde, der tilhøvet var utanfor
all moral.

#

Driftstyraren ved ein av fabrikkane i Odda var gift
med ei Oslo-dama som hadde vore min elev på gymnaset
der aust. Eg vanka der i huset. Frua spurde um eg
heldt slike foredrag som eg hadde gjort på gymnaset.
«Ja, i kveld skal eg halda foredrag her i Odda um Ibsens
«Brand».» Ho hadde audsynt hug til å koma og høyra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free