- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
18

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i8

ja fyrste venda han vart vald til stortingsmann, var han
berre kapellan.

I politikken var Niels Koren ein trugen representant
for sørfjordingane, konservativ i mangt, frilynd og frisynt
i mange leider. Når han kom heim frå Stortinget, hadde
han alltid mykje å fortelja. I det heile gav han
sørfjordingane sine rikeleg av all den kunnskap og kjennskap han
sjølv åtte. Lars Kinsarvik fortalde meg at stova der Koren
tok inn i Kinsarvik, jamt var stappande full av bønder,
som spurte og frette; jamvel medan presten klædde på
seg prestekjolen, laut han svara på mange spursmål um
hendingar frå utanverdi.

Det sa seg sjølv at det aldri vart nokon strid millom
prest og soknelyd so lenge Koren var prest. Endå broren
Vilhelm Koren tok og planta frukttre på tingvollen attmed
Ullensvang-kyrkja, slapp han å høyra last-ord for det.
Men då ettermannen, Irgens, kom, fekk han ein heil strid
um denne «Vilhelms-hagen». Lokalbladi frå den tidi kan
melda um den striden.

#

Prosten Irgens hadde den vanlagnaden å koma etter
den folkekjære Niels Koren.

«Slik prest som Niels Koren fær me aldri att i
Ullensvang,» sa ein mann høgt i eit lag so Irgens skulde høyra
det. Hadde Irgens vore av yngre støyping, kunde han
ha svara: «Nei, godtfolk! det er trulegt nok! men no
er Koren avliden, og so* lyt de tekkjast med ein annan
prest!» I staden for det vart han tykken, reis upp frå
bordet og gjekk heim.

Mange hermer lever enno på folke-munnen um
spet-ord som Irgens laut tola. Då han fekk sin fyrste kapellan,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free