- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
4

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fann, at denne vigtige Lærdomen enno ikkje
var innførd — ved Gløymsle, kann-vita — i
Sogubøkane. Hognestad synest bry seg mindre
um Paulus her (sjaa 1 Kor. 15: 3, der det med
reine Ord er sagt, at Paulus hev ,,mot-teki“
at „Kristus døydde for vaare Syndir"). Ein
kann daa godt skyna, at han ikkje hev noko
større Bruk for det som vert kalla Bibelkritik.
Han held seg jamvel til „Spaadomane" um at
Jesus skal døy, men nemner, snodigt nok, ikkje,
at desse same Spaadomane talar um Uppstodo
(smf. „Jesus Messias" S. 107 fig.).

At Tankane i „Jesus Messias" ikkje er nye
hev Hognestad æveleg Rett i. Det er tilmed
ikkje berre tyske Teologar som hev „stræva
med deim" i „lenger (!) Tid" (aak! kjære Peter
Hognestad, norske Teologar burde vel ikkje
tala i kald Tone um tyske Teologar?); —
det er den eldste, den upphavlege, reint ut
sagt den bibelske Messiaslæra eg hev sett upp,
so godt som eg kunde. Naar Hognestad spyrr,
kva „religiøs eller moralsk Vinning" eg vil
hava fram med dette, so viser han mill. a., at
han aldri hev vori i den Sjælenaud som mange
kjem inn i, naar dei trur at dei hev aa velja
millom den teologiske] Jesus og det teologiske
Helvite. —

— Eg nemnde Helvite; lat meg med det
same takke Peter Hognestad for di han i heile

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free