- Project Runeberg -  Jesus Messias /
90

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei førande i Folke vender seg meir og
meir burt. Ein skynar ikkje dette med same.
Jesus er daa rett-truande Israelit. Men dei hev
kjent det paa seg, desse Israels-Førarar, at
han var av ein annan Ande enn dei. Og det
gjekk med Jesus som det piar gange med
Profetar: han vart ulagleg for dei magthavande
og laut or Vegen.

Det han sagde til Farisæarar og skriftlærde
um Live deira maatte eitt avtvo: vekkje deim
eller eggje deim. Det vakte deim ikkje. Dess
meir hev det daa eggja og arga deim. Vise
det heilt fraa seg hev dei ikkje kunna; dertil
visste Folke for mykje um kor sant det var;
men dei hev sagt kvarandre, at denne
Nasa-ræaren, han kjende ikkje til det han tala um.
Han mistydde alt: hefte seg for mykje ved
einskilde Tilfelle og mindre Ting og saag for
lite paa det heile og store. Med si rette Tru
— um elles Trui hans var so rett som ho
gav seg ut fyri — vart han daa berre dess meir
faarleg for Folke.

Dei fleste av deim hev paa sin Maate meint
det godt. Naar dei heldt so strengt paa
Formir og Framgangsmaatar, so hev det vori i
den Trui, at gjenom desse Formine og
Fram-gangsmaatane verka Anden. Og naar denne
Galilæa-Profeten ikkje gjekk i Skule hjaa
deim, men dømde deim for Lyte som han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free