- Project Runeberg -  Jesus Messias /
56

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hjelpe, gjera vel. Det Domaren vil spyrja um
paa Rekneskapsdagen er: gav dé meg Mat daa
eg var hungrig? Drikke daa eg var tyst? Klæde
daa eg var nakin? tok dé imot meg daa eg var
framand? saag dé um meg daa eg var sjuk?
eller daa eg sat i Fangehuse? (Mt. 25 : 31—46).
Med „meg“ meiner han kvar hjelpturvande me
møter paa vaarVeg; og han skil ikkje ut, at
desse turvande maa vera Folk som „fortenar
Hjelp" etter vaar Meining1.

Næstekjærleiken — som der er meir av i
Verdi enn me skynar og ser — er det som
gjer Live livande; skal me haide det ut, so
maa me arbeide med eitkvart som me trur
kann vera til Hjelp for Brørane (um me gjerne
no brukar andre Ord: Ætti, Bygdi, Byen,

Folke, Samnøyte, Framtidi o. s. fr.). Hev ein
ingin og dermed inkje aa liva fyri, so liver
ein ikkje, og det um ein aldri so mykje „liver
for seg sjølv“. Ein Arming av dette Siage kann
„vinne all Verdi“; men aaleine og hugnadlaus

1 At ingin, jamvel ikkje den verste, er„uverdug“ til
Hjelp, skulde kristne Folk vita; det er i det seinste
greidt serskilt ut i nokre merkelege Smaabøkar av
Jørgen Gry (sjaa t. D. „Den oprindelege Kristindom,
samtlige religiøse og antireligiøse Sekters Modsætning",
Odder 1905). Desse Bøkane, som held uppe Jesu
Livslære saman med det natur-vitskaplege Syn paa Tilvære
fraa vaar Tid, gjeng Kyrkja so vel som Fritenkjarskapen
imot, og vert daa fraa alle Sidur nedtagde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free