- Project Runeberg -  Jesus Messias /
49

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

jamvel ikkje Sonen eller Englane i Himlom
visste noko um det (Mt. 24: 36; Mk. 13: 32);
og um nokon sagde: sjaa her er Messias eller
der, so skulde Sveinane ikkje tru det;
uven-tande som Ljone skulde han koma. I denne
Heimsalderen hadde Jesus berre eitt aa gjera:
han skulde byggje det aandelege Gudsrike. Og
um det sagde han: det „kjem ikkje so at det
er audsjaaande, og heller ikkje skal dei segja:
sjaa her er det eller sjaa der; for sjaa, Guds
Rike er innantil i dekon“ (Lk. 17: 20, 21).

Dei som kom med i dette aandelege Rike,
skulde faa ei serskild Gjerning og ei framifraa
Løn i det Gudsrike som var ventande. Dei
kunde daa gleda seg til det med, og det i
framifraa Meining; for naar dei skyna at det kom,
so visste dei og, at det stunda til deira
Utløys-ning (Lk. 21: 28). Dei burde og alltid halde
seg budde, so Lampune deira kunde vera
kveikte naar Brudgomen kom (Mt. 25: 1).
Men det gjorde dei ved aa byggje Gudsrike
inne i seg sjølve, gjenomføre Guds Vilje i sitt
Liv, elske Gud og Næsten, „halde Bodi“. Og
daa kunde Jesus lova deim, at dei ikkje skulde
sakne si Løn i noko Tilfelle.

Det er det som er Grunntanken i Jesu
Gledeböd: liver me etter Guds Vilje, so fær
Live Verde i seg sjølv, og det um det i
verds-leg Meining synest aldri so armt, — fær eit

4 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free