- Project Runeberg -  Jesus Messias /
37

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Um Teikn, Underverk, er mykje fortalt i
Jesussogom.

Men attaat er der ei Fraasegn som tyder
paa, at desse Undersogune er fraa ei
sei-nare Tid. Alle fire Bøkane hev denne Fraasegni.

Jødane kjem til Jesus og krev Teikn; det
hadde dei ikkje funni paa, um Undersogune
hadde vori sanne. Jesus svarar nei til Krave
deira; hadde Undersogune vori sanne so hadde
han sagt: Teikn hev eg gjort; kvi trur dé ikkje?
Men „inkje Teikn skal verte gjevi denne Ætti“,
segjer han stutt og beint (Mk. 8: 121). Hjaa
Johannes (6: 30—33), der Jødane synest vente
eit Teikn av same Siage som Himilbrøde i 2
Mos. 16: 14, svarar han berre at han sjølv er
Brøde fraa Himilen. Smf. Mt. 16: 1—4.

Men liksom Farisæarar og Skriftlærde i

1 „— utan Profeten Jonas Teikn", legg Mattæus
(12, 39) og Lukas (11, 29) til; dette Tillegge er fraa den
Tidi daa Trui paa Uppstödo var uppkomi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free