- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
182

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

182 Seld til den Vonde.

ingenting vita«, sagde Presten. »Guds Tankar
er ikkje vaare Tankar og hans Vegjer er ikkje
vaare Vegjer, og so høgt som Himmelen er
yver Jordi, so høgt er hans Tankar yver vaare
Tankar og hans Vegjer yver vaare Vegjer«.
Baard foor hjelpelaus paa Dør. Kva brydde han
seg um. Guds Tankar og Guds Vegjer? Han
vilde liva, liva; han vilde liva, han vilde
ikkje døy! Det var Synd aa taka Livet hans
no, Synd mot honom, Synd mot Mor hans, Synd
mot den unga Gjenta, han no hadde fest til seg;
han vilde ikkje døy!

Men med kvar Time som gjekk, vart
han meir uroleg. Anna saag, at han var i stor
Naud. Og ho lagde seg graatande inn til han
og bad han fortelja, kva det var. »Eg hev det
so vondt:, sagde ho, »for eg er so uroleg og
fær ingenting vita«. Daa sagde han henne det.
Ho prøvde aa trøysta han so godt ho kunde.
»Mor di er sjuk, sagde ho, »og det er lite
sætande, kva sjuke Folk drøymer ihop<. Men
i Grunnen vart ho likso rædd som han. Dei
klyngde seg inn til kvarandre og heldt liksom
kvarandre fast. »Du maa ikkje døy!« bad ho,
»eg vil ikkje døyl« jamrad han; »bed til Vaar-
herre for meg, du; du er so god og fager, deg
maa han høyra le

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free