- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
175

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. å 175

ved dei gaatefulle Ordi, som her kom dei til
Møtes som ei Maning um aa hava Mistru til
all jordisk Sæla. Det verste og urimelegaste
som unge og glade Folk kunde høyra! Rett
som det var kviskrad Anna: »det er deg, ho
talar um«. Og den unge Kona vart bleik som
Bast. Baard lydde etter —:

»— — Eg segjer deg, Baard . . . du skal
tru meg! spør ikkje! spør ikkje! Kann du tenkja
slikt um di eigi Mor? — — Nei. nei . . . slikt
hender ikkje... slikt — neic. Jamring og Uro.
»Kva i Jessu Namn kann det vera, sagde Baard.
Anna stirde uroleg paa han. Um ei Stund kom
det som eit Skrik:

»>Gakk til Presten, segjer eg! — den unge
Presten; han er sterk. Um tie Dagar er det
slutt . . . daa — daa —c. Den sjuke tok til

aa skjelva sterkt og prøvde aareisa seg: »gakk
til Presten! høyrer du?*« og ho seig paa nytt
av i lang, uroleg Jammer.

Anna saag paa Baard; han var likso bleik
som ho. »Baard! forstend du —3 kviskrad
Anna. Han riste paa Hovudet. Anna kom og
sette seg paa Fanget hans og klengde seg tett
inn til han. >Eg vertsoræddk, jamrad ho stillt.
>Snakk<, svarad han og smilte.

Sidan kom den sjuke med meir um det
same. Dei sat og lydde og kunde høyra Hjarto

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free