- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
59

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt 59

mot kvar og ein skal dei fint seg te,
so er det Ja mest til kven som bed . ..
Det var Bjørn Haugstad. Alvhild kvitnad

burt, so ho sat der som eit Lik. Dei flaug ut
og vilde faa i Karen. Men han var ikkje full-
are han visste aa smetta seg av Garde i Tid.
Dei tok til att med Dansen og Leiken. Men
med Gleda var det slutt for den Kvelden, totte
Alvhild.

— Gamle Aasbjørn Hegglid var reint utav det
i denne Tid. Kor tru det skulde gaa med Guten.
Det var stilt Vatn og djup Botn der; Leiv hug-
lagde vist ingen for Moro. Aasbjørn grundad
paa, kva han skulde gjera. Ein Tanke var det
iser, som elte han, men som han fyrr altid
hadde drivet ifraa seg. Det kom for han, at
han burde skilja seg av med alt det, som han
ikkje med Æra aatte. Dersom han gjorde dette,
so kom Syndi ut or Ætti, og so kom Lukka
inn att. Men som han gjekk og drogst med
dette, kom han ihug, at i Grunnen var det
Leivs Pengar og ikkje hans. Hadde no han
Rett til aa gjeva burt det ein annan aatte? —
Men naar det ikkje var ærlege Pengar? — Ja,
men det var Leivs —? Han gjekk og myn-
strad lengje med dette. Tenkte stundom paa
aa spyrja Presten. Men han tottest vita, kva
Presten vilde segja. Slike Folk hadde no so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free