- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
40

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40 Av laak Ætt.

hjaa Knut, for han var so hæv til at taka Tan-
karne fraa henne. Men um Nætterne vaknad
ho ofta upp i Graat og hadde drøymt um Leiv.
Daa tenkte ho: eg vil ikkje svika; eg vil berre
bia og sjaa. Det hender so mangt utenkt.
So skaut ho Tankarne fraa seg.

Men Folk snakkad um henne og Knut som
um alt var visst og avgjort. Eingong slog Knut
innpaa um dette, liksom halvt paa Moro, og
spurde, korleis ho likad desse Drøsurne. Ho
vart raud og kunde ikkje svara. Daa gjekk Knut
nokot lenger innpaa Tingen, so ho kjende,
det vart Aalvor. Men daa vart ho rædd. Leiv
kom for henne so sterkt, at ho liksom tottest
sjaa hans bleike Aasyn og blanke Augo. »Lat
oss ikkje tala um det«, bad ho. »Nei, nei, sagde
Knut, »det er ein Ting, som ikkje hastar; og
ein skal aldri gjera slikt av i ei Braavending.
Men du kunde tenkja paa det, Alvhilde. Ho
stod og vreid sine Fingrar millom kvarandre
og var saa full av Uro, at ho ikkje fekk ein
klaar Tanke for seg. Ja; tenkja paa det kunde
ein altid —.

Gamle Aasbjørn fekk og høyra dette um
henne og Knut; men han vilde ikkje tru det.
Ho hev slike ærlege Augo, tenkte han, og
Augo lyg aldri. Difor skreiv han ingenting
um det til Leiv helder. Leiv hadde væl nok

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free