- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
155

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155

gang var meg kunnig. Lid du nokor naud, so kom til
meg, og eg skal hjelpe deg.“ Han svarar: „Herre!
ikkje er eg i nokon naudtrong; eg berre gjorde de til
gaman, at eg lagde meg her i vegen for Dykk. Eg
var med kong Olav, bror din, i slage paa Stiklestad,
og eg heiter Torgils.” Dermed slengde han av seg
fiskarkufta, og var daa ein heilt vaapnfør mann. Han
fór med kongen, og var med honom sidan.“

Andre stadir er de fortalt at denne Torgils hadde
vori fostra upp saman med kong Harald. Etter dette
kann ein daa tenkje seg at desse karane iein ung alder
hadde tamt seg upp saman i skaldskap, so de vert
heller ikkje rart at Harald alt i femtan aars alderen
paa Stiklestad kunde svara med eit skaldevers. Av
hans skaldskap elles gjev kongesogune ikkje faa
prøvur, meir enn etter nokon annan av dei mange
kongar som dyrka denne itrotti. Soleis i Heimskr. s.
566, 596 (605), 637. Forutan desse hendemaals-versi
er nemnt eit større kvad etter honom, hans Gamanvisur,
Heimskr. s. 578, som de der er fortalt at han dikta paa
si ferd nord fraa Miklagard, 16 vers i alt, og alle med
same nedlag (stev). Av deim hev me no att 6. De
eine, der han reknar upp dei itrottine han kann, lyder so:

Itrottir kann eg aatte: skrie eg kann paa skiom,
Yggs mjød kann eg bryggje, skyt og ror gjer eg nytugt.
kvast rid eg kvate hesten, Endaa mot meg gjer ħhandprud

kann til sund taka stundom, møy seg ħard i Gardar.

Alt i alt er dette slikt, at endaa Harald var gløgg
og vand paa skaldskap, kann han godt i alle maatar
kjennast ved de, liksom de heller ikkje kann vera tvil
um at de alt saman er heilt hans @igi. Og um ikkje
han her nettupp hævdar seg eit kongelegt rom, so er
han daa helst aa rekne millom dei fremste i den flokken
av utvalde skaldar han hadde samla ikring seg.

Yggs (Odins) mjød, skaldskap. — Sund, symjing. — Møyi
i Gardar er Ellisiv, dotter til kong Jarisleiv, som Harald likevel
vart gift med. — Verse her nemner berre 6 av dei 8 itrottine;
dei 2 andre hev vel daa vori nemnde i eit vers me ikkje hev no
lenger.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free