- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
124

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

kort etter Magnus var daain (1047). Baae kvadi gjeng
daa mykje um de same, um korleis Magnus kom heim
fraa Gardarike og jaga Svein Alfivason ut av lande,
hans ferd til Danmark, der han vart tekin til konge,
korleis han herja Jomsborg og heldt slag med vindane
ved Ré (Rügen), og paa Lyrskogsheidi (eller ved
Skotborg-aai), og sidan med Svein Ulvsson ved
Helganes, med herferd til Falster og Fyn (um slage ved Aaros,
„Aarhus“, hev me ikkje noko vers av Arnor, men
mange av Tjodolv).

Arnor heldt sin lovnad til Harald Hardraade, aa
dikte ei ervedraape um honom. De me no hev att
av kvade byrjar med den herferdi daa Harald gjorde
landgang paa Fyn (der Kalv Arneson fall) — eit halvt
vers; der-etter um slage ved Nissaa, um Haralds strid
med upplendingane, og elles (de meste) um
Englandsferdi og Haralds fall. — Endaa er de nemnt ymse
kvæde etter Arnor, um Knut den megtuge, Olav
Kyrre, Hermund Illugeson, o. fl.; men dei er alle
heilt eller so godt som tapte.

Arnor er aa setja millom dei aller fremste av
hirdskaldane. I de aa faa flaum i skaldeversi er ingin
hans make, — ein flaum som heller ikkje vantar den
rette kraft og fynd, endaa um skalden gjerne vil bruke
sterke ord; likevel ikkje meir eller annarleis enn de
synest høve vel med de heile. De er berre skade at
me no ikkje hev stort anna enn herstrids-vers etter
Arnor, so- ein mindre fær sjaa korleis han var til aa
handsama andre emne. Men elles ser de ut som
skaldehaatten hans hev legi mest i den leid, og at han ikkje
hev raadt yvi so rikt emne-skifte som t. d. Tjodolv
Arnorsson. Hans kvad og er nok mest herstrids-kvad;
men samstundes er de so mangt og mykje han hev
auga for og kann halde livande fram, so at sjølve drepingi
berre vert som eit „medkvæde“ der.

Her skal me daa gjeva i umsetjing de me no hev
att av dei kvadi hans Arnor som kjem serleg vaart
land ved. j

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free