- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
108

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

108

og paa ein maate kann ein segja at han fyller heile
Heimskringla.

Mælt med dette maale tek Sigvat og upp eit drjugt
rom millom skaldane i Heimskringla. Ikkje berre de at
de der er med ei 120 av hans vers i alt,!) men Snorre
talar elles og mykje meir um honom enn um nokon
annan skald, og de er ikkje vandt aa sjaa at han sèt
honom sers høgt. Likevel er ikkje Sigvat aa rekne til
dei mest lysande millom skaldane, um ein dømer berre
etter de reine skaldelage. Med alt de han var soleis
laga, etter de Snorre fortèl, at han „var ikkje lettmælt
ìi vanleg maalsemd, men skaldskap laag so vel for honom,
at versi strøymde fraa tunga so lett som annan tale“,
syner likevel ikkje kvadi hans so heilt den fødde
skalden som mange andre. Dei syner ikkje so mykje de
rike og rame hugsyn, med de sviphage grip som
sermerkjer den rette skaldskapen. Hans kvad hev meir
sin styrke i tanke enn i hugsyn; de er ein mann som
tenkjer i skaldemaal, og tenkjer godt og djupt og fint.
I de heile er de ikkje skalden ein fester seg so mykje
ved, som mannen ein merkar bak ordi, den kloke,
djuptenkte og fintenkte, rettviljuge og rettvise mannen.
De var daa heller ikkje i skaldskap at Sigvat hadde
sin einaste eller beste styrke; han var likso mykje ein
raadsnar, framtøk og verkfør mann, som de er mange
døme paa. Og de beste vitnemaal um kva han var og
dugde til, hev me i de at Olav gjorde honom til sin
stallar og raadgjevar og beste ven, som han trudde
framum nokon annan, ser de ut til.

Um Sigvats ætt, og um hans liv fyrr han kom til
Olav, er lite kjent. Av ættingar som me hev nokon
kjennskap til, er aa nemne — forutan hans frende Ottar
Svarte, som og var skald — berre hans far, Tord
Sigvaldeskald, som han er kalla, eller Torrød, som
Sigvat sjølv kallar honom. Han var fyrst med Sigvalde
jarl og Torkjel den høge, og sidan med Olav Haraldsson,
daa han kom til Noreg. Straks etter var de at Sigvat
og kom fraa Island til kongen. lan maa daa ha vori

1!) I landsmaals-utgaava og er komne med dei fleste som høyrer til sogo.
um Olav den heilage; derimot av deim som høyrer til sogo um
Magnus den gode er berre versi av Bersøglisvisune med.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free