- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
102

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

kvad er de langt fraa so mykje eller godt i so maate
som i dei 5—6 versi hans Hornklove um
Hafsfjordslage. Sameleis merkar. ein stundom at skalden
hev spunni for langt ut de emne han hadde. Soleis i
slutten av kvade er de i 5—6 vers de ikkje er tale
um stort anna enn uppatt og uppatt de same, um Olay
skulde vera komin undan fraa slage eller var fallin der.
Av de som no er att av dette kvæde hev me 8 vers i
Heimskr.!’) De verse som de ser ut til hev vori de
siste, skal me taka med her, med di ein paa ein maate
finn alt samla der:

Fyrr skal heim og himlar Han veit eg mest av mennar
høge i lutir brotne, manngod var med sanno.
fyrr so govug gjæving Krist fagne den rauste

som gladvære Olav fødest. konungs aand ovan laandi.

Etter dette kunde ikkje Hallfred una ved live
lenger. De er fortalt at han tok den raadi aa drepa
Eirik jarl, til hemn for sin høge ven og gudfar, men
vart tekin og skulde avlivast. Men so var de ein
Torleiv Spake, fosterfar til jarlen, som Hallfred fyrr
hadde vist seg manndomsam mot; paa hans fyribøn
skulde han sleppe med live, mot aa dikte ei draape
um jarlen. De gjorde han daa; men av kvade er de
int berre dei tvo fyrste linune. Sidan vilde han fara
heim til Island; men paa vegen fekk dei eit fælt hardvêr,
og Hallfred vart sjuk og døydde. Æi stund fyrr kvad
han dette verse:

Eg munde no andast Otte eg ingin vaattar,

(ung var eg hard i tunga) alt um for helvite eg fæltast;
sorglaust, um eg visste døy skal kvar, — lat drygjast
velberga dermed sjæli. dagen som Gud de lagar.

Av skaldar som dikta um Olav Trygveson er de
elles ikkje nemnt andre enn ein Bjarne skald; men
de er ikkje etterleivt noko som ein med vissa veit er
etter honom, og ikkje kjent noko um honom elles heller.

1) Av deim er de berre 4 vers som er komne med i landsmaals-utgaava
av Heimskringla, s. 227—834.

Ovan(for) landi (jordi), d. e. i himilen. — Otte, uro, rædsel.
— Vaatte, agte, bry seg um. — Fæltast, fælast, gruve seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free