- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
100

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

ukjend inn til jarlen og fekk lov til aa segja fram eis
kvæde for honom. Dette var eit nidkvad, men soleit
gjort at i fyrstningi merka ikkje jarlen anna enn
de som vel var, og han rosa kvade. Men etter kvart
vart de annarleis, og midt i kvade tok han paa med
Toku-visune, som dei er kalla, og som de er sagt
byrja soleis:

Upp dreg toku austan,
eling vest-i fastnar;

fødd av skadverk, skodde
skum no hit mun koma.

Og dei hadde den verknaden at de vart myrkt i
halli, og vaapni paa veggine tok til aa røre seg av seg
sjølve, — dette gjorde daa og at Torleiv kom seg
usnikka undan. Haakon jarl var likevel ikkje den
mann som vilde lata slikt gaa strafflaust av. Ikkje
lengi etter vart Torleiv drepin paa altinge paa Island,
truleg av ein mann som var utsend fraa jarlen.

I den korte tidi Olav Trygveson var ved styre,
var de ikkje mange skaldar som kom til aa slaa seg
til honom. Heller ikkje var de ventande at skaldane
skulde vera so braahuga paa aa søkje til hans hird,
soleis som han tok i veg mot deira kjære gudar.
Likevel fekk han no ein skald som i ymse maatar var
god for fleire. De var den velkjende HALLFRED
VANDRÆDASKALD. Hans far Ottar var son aat
Torvald Skiljande paa øyi Ylve (Ulvøy) i Lofoten, og
vart fostra hjaa sin morbror Galte, ein megtig mann i
Sogn. Mor til Hallfred, Aldis, var ætta fraa Harald
Gullskjegg, konge i Sogn. Hallfred er ein av dei
skaldar som de er skrivi serskild sogu um, ei med dei
største og beste av dei skalde-sogur me hev. Hans
liv og ferd minner elles i mykje um Kormaks. „Han
var tidleg stor og sterk og manneleg, noko myrkbrynt,
heller ljot-nasa, med brunt haar og vel fellelegt; god
skald var han, men heller bitande og mangbrøytt; han
var ikkje vensæl.“ Liksom Kormak fekk han seg ei
flamme heime paa Island, ei som heitte Kolfinna; men

Skùm, myrk, „dunkel“.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free