- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
92

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3.
Hardt me hogg med sverdom!
Høgt baaro me geirar,
daa vel eg var tjuge vetrar
og vidt sverdi ròda.
Aatte slo eg jarlar
utfor Dyna-mynne;
verd me rikleg veitte
vargen ved dette møte.
Sveite fall i svollin
sjø; mennane øyddest.

4.
Hardt me hogg med sverdom!
Her-leik skulde oss unnast,
daa me helsingjar sende
heim til Odins salar.
Upp me lagde i Iva;
oddar munde daa bite ;
all var denne aai
aalraud av heite blode.
Brandar grenja ved brynjur,
bildar kløyvde skjoldar.

Š.
Hardt me hogg med sverdom!
Hoøyrt hev eg ingin flydde,
fyrr paa hamle-hestom
Herraud fall i staake.
Sidan med Egils andrar
ingin frægare hovding
paa langskipi til lægjes
lunde-vollen kløyver.
Konge han var som i kapp-tak
kvart bar hugfast hjarta.

6.
Hardt me hogg med sverdom!
Heren skjoldane kasta,
daa ræ-hundar reita
rende i barmen paa mennar.

92

Her-bilden blodigt

beit ved Skarpaskjerom ;

raud vart rip-maanen farga,
fyrr Ravn konung fekk bane;
dreiv fraa hogg i hausar

heit i brime sveiten.

7.
Hardt me hogg med sverdom!
Høgt leggbitar ylte
aust paa Ullaraaker,
fyrr Øystein konung stupte.
Gullprydde hendar gagnleg
greip um sverdđe-festi,
gjenom skjoldar mun smjuge
sverd, hjelmar til møtes;
der den raude saar-dogg
dreiv yvi hjerne-kleivar.
8.
Hardt me hogg med sverdom!
Hava fekk daa ramnar
utfor Einderesøyom
aate nok aa slite.
Dagverd gav me dugleg
den gong gygre-hesten.
Vandt kvar ting aa varast
der var; daa upp rann soli,
streng-humlur saag eg stinge,
støytar gav malm mot hjelm-rand.
9.
Hardt me hogg med sverdom!
Hoøg-raude gjorde me skjoldar,
daa me blod-tvorur bende
ved Borgundarholmen.
Vegin der vart Vulne;
vandt var konge større.
Asande odd-storm sleit ringar,
almbògar malm sprutte ;
vidt rak val kring strendar,
vargen blot-maten fagna.

Helsingjar, mennar fraa

Helsingland eller nørdre Sverike.

— Grenja, grine, belja. — Bild (blodlaatar-jarn), sverd. —
Lægje, skips-lægje, hamn. — Lunde-vollen (v. aat
lundefuglen), have. — Reite, tirre, hisse. — Brìm, brimsjø, „brænding“.
— Varast, verte var, merke seg. — Bende, bøygje hardt. —

Vegin, fellt, drepin. — Vandt, vanskelegt, knapt. — Ringar,
brynju-ringar. — Fagne, taka imot med fagnad (glede).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free