- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
90

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

ikkje vera fraa same skalden. Fyrste og største luten
(v. 1—21) er ikkje noko framifraa, — heller so me
tykkjer de kunde greidt seg betre med noko mindre
smyrju. Men so i siste luten (v. 22—29) stig de
med ein gong i høgd med de beste me kjenner.
Knapt nokon stad finn me de gamle norrøne livssyn
framsett med slik fynd som her, med lagnaden som
livs-tru, og mod og mannsverk de høgste eller einaste
de for mannen var verdt aa liva for. Men de kann
no og vera, at her var eit emne som laag so mykje
betre for skalden. Derimot med desse mange slagi,
som han ikkje hadde set noko av, uppdikta som dei var,
der var de heller ikkje greidt aa faa umskifte paa og
de rette liv i skildringi. KLikevel braar no ymist de
rette skaldelage fram her med, og aandi synest i de
heile aa vera den same. Heller ikkje er de utenkjande,
at de hjaa ein og same skalden kunde vera ei slik
blanding av reinhekla gamalt og av-ætta nytt.

Kor som er, kann ein vera viss paa at dette
Kraakumaal, slikt de no er, er gjengi ut ifraa eldre norske
kvad um same emne. Rit slikt emne som dette um
Ragnar i ormegarden maatte sjølvsagt mange skaldar
kjenne seg dregne til. Sakse, kann ein sjaa, hev og havt
eit eller fleire slike kvad aa byggje paa, og sumt hev
han endaatil mest ord for ord som de er aa finne i
Kraakumaal eller nokre vers i Ragnarssaga, som like
eins ser ut til aa vera leivnir fraa eit større kvæde.
Soleis de velkjende: „gnyðja mundu grísir, ef galtar
hag vissi“ (gryle vilde grisine, um dei visste kor galten
er komin). Likevel kann han ikkje ha kjent
Kraakumaal slikt som de no er, i vissa ikkje med alle dei
namn som her er, endaa um de syner seg at han i de
heile hev same gangen i sogo, og ymist elles sams med de.

Kvade byrjar med aa minne um korleis Ragnar
vann jarledotteri Tora, med aa drepa ein lindorm som
laag ikring jomfrubure hennar. Deretter skildrar de
hans mange herferdir og slag, fyrst heime eller i
grannelandi og i Austerveg (v. 2—13), so hans ferdir i
vesterviking, der han miste tvo av sønine sine, fyrst
Rognvald og sidan Agnar, til han sistpaa sjølv, paa ei
herferd mot kong Ella i Nordimbraland (Northumberland),

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free