- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
71

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

71

at systeri paa denne maaten vart utskjemd, vilde taka
paa honom for dette. Han kom seg likevel undan, til
kong Harald, og „vart hans skald“. Daa hans
systerson Torolv vart drepin i ein strid med kong Harald,
vilde Olve. fara fraa hirdi; men kongen sagde at han
vilde ikkje sleppe honom, „for itrotti hans“ (skaldskap).

Etter de me elles kjenner til dei mange skaldar i
hans ætt, er de god grunn til aa tru at Olve hev vori
ein framifraa skald. Men dess-verre er de no so godt
som inginting att av hans eigin skaldskap. De er berre
eit par linur, som ein kann sjaa hev vori av eit
skjoldkvad, um Tor og Midgardsormen. Dei er i drottkvætt
versemaal, og hev ein god sving, de vesle som er.
Dessutan eit forvendt vers um eit nattlegt eventyr han
hadde i lag med tvo andre av Haralds skaldar, som de
skal koma meir um sidan. Men av dei kvadi som de
kunde vori mest forvitnelegt aa faa sjaa noko av, hans
elskhugs-kvæde, er de ikkje etterleivt de minste.

Den eldste av alle skaldane til kong Harald var elles
AUDUN ILLSKELDA. Um honom er de fortalt at han
og hadde vori skald hjaa Haralds far, Halvdan Svarte,
so han hev knapt livt so lengi som etter de 9de
hundradaare. Um kvar han kunde vera ætta fraa i lande,
veit me ikkje anna enn at han hadde ein frende i
Naumdølafylke, lendmannen Torfinn. Sitt tilnamn
11lskelda (laak skald) hev han vel helst etter eit
skarvestykke de er fortalt han gjorde mot sin frende Ulv
Sebbeson, som og var skald hjaa kong Harald. Dette
gjekk soleis til, at til eit kvad som Audun gjorde tok
han steve (umkvæde) fraa ei draape som Ulv hadde
dikta um kong Harald. Etter dette fekk kvade hans
Audun namne Stolinstevja -— de einaste som no er
att til minne um de, og so eit halv-vers, der de ser ut
til at Audun klagar seg for di at dei ikkje hadde tagt
still um dette „laane“ han hadde gjort, men fortalt de
til kongen. At han paa ein eller annan maate var
komin i unaade hjaa kongen, er no og orda um paa
ein annan stad, der de heiter um Audun at „den
gongen var han vortin forlikt med kongen“. Men elles er
vel med dette helst meint paa eit eventyr Audun hadde,
som alt nemnt um her framanfyri. Dette er fortalt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free