- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
49

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

Eit stykke av gamallnorsk aands-avl med so rikt
verd som dette kvade var de ikkje ventande anna enn
at tvilen laut hava si klo i. De er Bugge som her og
hev bori fram dei uavvendelege tvilsmaali, i eit stykke
um „Iduns æbler“). Men de er liksom han er noko
brydd av seg her, liksom han kjenner ein otte for at
folk kann tykkje de vert for mykje med tvil og avdøming
av gamle vitnemaal. I minsto kjem ikkje avdømingi
her vidare sterkt fram, og ikkje beint fram, men mest
umvegjes. De er fyrste bolken av kvade de her gjeld,
den som handlar um korleis jotunen Tjasse, med hjelp
av Loke, fekk røva Idunn fraa Aasgard og ført henne
til Jotunheim.

Bugge held daa her fram, at i Noreg fanst de fyri
den kristne tidi ikkje andre enn ville eple-tre. „Disse
frugter med sin sure snærpende smag, ofte endog
uspiselige for mennesker, kunde umulig fremkalde
mythiske forestillinger som de nævnte“ (um „foryngende,
gyldne æbler“). Segni um Idunn og hennar
livsyngjande eple kann soleis ikkje vera komi til i eit land
som Noreg, men maa helst skrive seg fraa den græske
segni um Hesperid-møyane og deira gullbjarte eple,
meiner han.

Um vill-epli her i lande kann folk som sjølve er
velkjende med desse ting, og kann tala av rik røynd,
fortelja Bugge de, at de er mange og ulike slag av
deim og. Fær slike aplar vekse i god jord og godt
verlag, helst vel i fleire ættled, so kann de imillom
verte reint røselege tre, med frukt som ein kann kalle
velsmakande, naar ho er fullt mogna, i minsto med ein
rein og frisk smak. Professor Schübeler, i si bok
„Norges væxtrige“, segjer jamleg um desse epli at dei
er „uspiselige“. Dette segjer han daa og um epli paa
den største apalen han veit av aa segja her i lande,

„Snusen“ paa garden Flo i Stryn, som i si beste tid
kunde gjeva upp til 16 tunnur i aars-avl, og dertil
meir aarvisst enn hage-aplane. Men der veit eg nok
av folk som i si tid hev sett til livs so mykje av desse
epli, so dei baade med ord og gjerning kann vitne

1) Arkiv for nordisk filologi 1889.
Gamle skaldar og kvad. 4

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free