- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
24

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

ofte paa ein fin og høvleg maate aa segja
aalvorssanningar som ikkje nettupp kunde vera søte aa høyre.
Paa dette er de fleire døme enn Sigvats uaatliknelege
Bersöglisvisur. Skaldane hadde i de heile nettupp ord
for aa vera fritalande. Attaat fær ein hugse vel paa
de, at desse kongar og hovdingar som skaldane kvad
um, de var ogso jamleg mennar som kunde kveikje
ein skald til aa syngje um deira bragdir, at dei
røyndi var framifraa karar, mynstermennar i den leid
som tidi kravde eller kravde mest. Jamvel mennar
som Gunnhildsønine er de ikkje tvil um var ovkarar i
mange maatar, endaa um dei ikkje i alle stykke heldt
maal med sine fyrimennar og etterfylgjarar, og dette
er de vel som hev gjort mykje til at de i ettermæle
kom til aa falle ein sterk skugge paa deim. Ein skal
soleis ikkje vera for snar paa de til aa tru at skaldane
hev brukt for sterke ord eller sagt meir enn dei
meinte.

Meir kunde de vera aa segja paa den ting, at i
sume kvad er de so mykje tale um slaasting og
vaapnbrak, blod og lik, ramnar og ulvar og alt slikt,
og ikkje stort anna, ser de ut for. At de tek seg
soleis ut, kjem likevel kanskje ofte av de, at av desse
kvadi er de helst leivt etter berre dei versi som fortèl
um herferdir og slag, men lite eller inkje av resten,
som kanskje gjekk mykje i ei onnor leid. I dei kvadi
som de ser ut til me hev nokolunde heile, er de
jamnast ikkje vandt um aa sjaa at skalden ogso hev havt
godt auga for andre ting, at han likso vel veit aa
prise og mana til klokskap, truskap, rettvise,
mannamilde og andre dygdir som djervskap, at han likśgo
hugheilt og med livande drag kann skildre slikt som
sjøferd, hirdliv og heimeliv, vænleik og elsk, som han
skildrar herferd og slag. Ein hev ikkje meir rett til
aa sjaa blodtorste eller raaskap i slagskildringar hjaa
skaldane enn naar ein no ser skildra korleis kanonune
dundrar, kulune kvin o. s. fr. All talen um raaskap
og slikt hjaa dei gamle nordmennar og deira skaldar
er de reine faavit, so langt de gjeld sjølve stortidi.
Tvert um er de heilt- -upp merkelegt, kor friskt og reint

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free