- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
8

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.



8-dette er ikkje meint aa vera dikt, men sannfærleg sogu.
De var nettupp paa den maaten dei sette ihop sogu i
den tid, daa dei ikkje brukte aa skrive, — paa vers,
so de skulde vera lettare aa minnast. Dei hadde
sogudiktarar daa, i staden for sogu-skrivarar. Kor
vel slike ting kunde halde seg i minne, de hev ein og
eit merkeleg godt døme paa her i dette kvade. Tvo
av kongane her, Ottar og Adils, er ogso nemnde i
de gamle angelsaksiske kvæde Beovulf, Ohthere og
Eádgils. Herer ein paa trygg grunn, og kann setja
aarstale for deira livetid til ikr. 500, og dette høver
nettupp med den tid ein skulde vente etter Tjodolvs
rekning, 12—13 ættled attende. Naar no attaat kjem
de, at me enno hev so mykje leivt av dette kvade, ei
40 vers alt i alt, so skulde ein tru at her maatte vera
raad til aa faa skikkelegt tak, so ein kunde koma heilt
paa de reine med baade tidi og lande de høyrer til, og
dermed finne eit feste for vaar gamle skaldskap og vaar
gamle sogu.

Den mannen som hev ’gjevi de tyngste innlegge
mot Bugge.i denne saki, professor Gustav Storm, han
hev daa ogso teki upp striden nettupp paa dette
umkverve, i eit stykke i Arkiv for nordisk filologi 1899,
„Ynglingatal, dets forfatter og
forfattelsestid“. De syner seg daa og her, at han hev teki
saki fraa rette enden og fengi godt og fast tak, soleis
at ein maa segja spursmaale no er greidt so godt ut,
at de med dette synest vera avgjort for all tid. Han
legg fram, greidt og klaart, korleis skalden syner seg
vel kjend 1 Noreg, i vissa daa paa Vestfold, der
kongeætti hans mest hev heime. Her hev me namni Borro
og Holtar, no Holtan, ein gard i Borre herad;
Geirstadir, no Gjerstad i Tjølling herad;
Skiringssal, de eldre namn paa Tjølling, alt til 14de og
15de hundr.; den velkjende landryggen Rae (rüð—raðar);
Foldi, de gamle namn paa Oslofjorden, o. fl., og
attaat de nokre namn som ikkje er i bruk no lenger eller
nemnde elles, men som ein kann skyna hev høyrt til
paa Vestfold; soleis Vadia, som truleg er de gamle
namne paa den elvi som kjem fraa Farrisvatne og gjeng
i sjøen ved Larvik, der Stiflusund („demning-sunde“)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free