- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
121

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rane «om Viggo Ullmann. Når ein høyrde honom,
slutta ein å tala spottande og med aksleskaking
um «det levende ord» — noko som var so på
moten ei tid, når talen kom inn på folkehøgskulen.

Det var ikkje dei klåre, velforma setningane
eller slike ytre ting som verka so sterkt. Ein
kom ikkje til å tenkja på slikt eingong. Men
det var innhaldet, den suggererande energi og
personlege overtydinga som fanga. Tankane
hans hadde samband med det ein sjølv hadde
kjent og tenkt og streva med.

Chr. Bruun åtte den same evna. Men det var
ein heilt annan måte han tala på, eit anna slag
talekunst. Kvar einskild har sin måte, og difor
er det vel like so mange slag talekunst som det
er talarar.

Når ein høyrde Ullmann i dei beste stundene
hans, tok ein til å skyna det Bruun har skrive
um det munnlege ordet, der han minner um
Perikles og Demostenes i Grekland, Muhamed i
Arabia og dei som forkynte kristendomen og med
ordet sigra over heidenskapen: «Det er ordet,
det mundtlige ord, som har øvet de største
storverk på jorden.»

Ullmanns sterkaste interesse var historie. Men
han vilde gjerne vera med ogso i notidslivet.

Då Grundtvig lenge hadde site nedgraven i
gamle historiske skrifter, var det noko i honom
som reiste seg mot dette. Berre å skriva bøker
um bøker var ikkje nok for honom, sjølv um han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free