- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
85

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

De truet med å bli lommeutgaver og leddedukker
for ham.» Jamvel ein mann som Bjørnson
kjende denne makta, suggesjon, eller kva ein vil kalla
det, som strålar ut frå ein sterk åndsmann. —
Han hermde eingong H. C. Andersen med tanke
på Bruun: «Man siger alle at den hund er god;
men mig gjør den nervøs.»

På sume verka han so sterkt at dei tok til å
apa etter honom ogso i det reint ytre: alltid
bruka ullkrage, ha langt hår og skjegg, tala
langsamt og med same tonefallet som han. Ein rett
høgskulemann måtte i all fall vera slik. Ein
folkehøgskule kunde dei ikkje tenkja seg
onnor-leis enn som den Bruun hadde. Tok dei ikkje
arbeidet på same måten som Bruun eller Kristen
Kold, var dei ikkje ekte høgskulemenn. Både
Noreg og Danmark hadde slike i si tid.

I dei sterke politiske brytningsåra frå 1880 og
utetter, kunde ingen som hadde noko å segja i
landet, stå utanfor den politiske striden, og
sjølvsagt heller ikkje Bruun. Alt var meir einfelt då
enn no, berre tvo parti: høgre og vinstre. Bruun
gjekk med vinstre. Vinstre stridde for dei
historiske tankane som rørde seg i tida, og hjå
vinstre kunde han få hjelp i arbeidet for
reform-krava sine. At høgrepartiet vilde gjera seg til
«Kristendommens parti», fann han «forargeligt».

Bonden var sjølvgod, høgre var endå verre.
All sjølvrettferd og sjølvros var han alltid på
vakt i mot, anten det galdt ein einskild eller eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free