- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
67

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forresten, men de bar fornedrelsens stempel på
sit menneskeliv.» — Dei hadde havt eit ideelt
livssyn i ungdomen, men hadde ikkje havt kraft
til å leva etter det. Skulde det gå på same
måten med honom? «Det som jeg i hemmelighed
for mig seiv kaldte lykke, det afhang af det om
det skulde gå an for mig at nå dette ene: At
være tro.»

Det er sagt um Bruun at han aldri upplevde
festen: å vera ung. Når ein ser ungdomslivet
hans og tidstilhøva då, vil ein skyna at det var
slik. Det er ein fest å vera ung. Han sjølv hadde
ikkje fått upplevd det. Men no vilde han hjelpa
andre til å uppleva den festen. Han vende seg
til bondeungdomen. Han har tala og skrive um
dette («ungdommens begeistring») sannare,
vakrare enn nokon annan i landet vårt.

«Salig den isse som begeistrings ørn har suset
over med de brede vinger,» segjer Welhaven i
diktet um Ganymedes. Bruun har nytta
grunntanken i diktet i det han har skrive um
ungdomstida, og det slik at den ungdomen som les det
utan at noko rører og lyfter seg i honom, må vera
meir enn vanleg åndeleg evnelaus, jordbunden
og dauv.

Han var sviken i trua på studentane, og hadde
ikkje so sterk tru på «den dannede klasse» i det
heile, og var samstundes teken av
bonderomantikken; han vilde verka millom bønder.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free