- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
59

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arbeidslivet hans fell i tvo bolkar, på lag 25 år
kvar: Folkelærar og prest.

Den fyrste bolken skal vi her sjå litt nærare på.

Christopher Arnt Bruun vart fødd i Oslo 23.
sept. 1839. Faren, Johan Petter Bruun, var
sakførar i Oslo — overrettsprokurator, heitte det
den gongen. Far hans att var sjømann og førde
skip for den mektige og rike Bernt Anker. Chr.
Bruuns mor, Lina Bruun, var dotter til oberst
Stenersen på Hedmark. Ho var på farssida frå
ei bondeætt i Gudbrandsdalen.
Overrettsprokurator Petter Bruun levde midt i
Wergelandsstri-den, var på Welhavens side, men likevel ven
med Wergeland, som ofte kom i huset der. Ein
gong Wergeland var der kring 1840, tok han
vesle Christopher på armen, strauk honom over
andletet og sa: «Havde jeg bare havt en slik
li-den fyr, så var min lykke fuldkommen.»
Werge-lands ekteskap var barnlaust, veit vi.

Petter Bruun var ein gåverik og dugande
sakførar, fekk ei stor forretning og vart ein
velståande mann. Men han sette alle pengane sine i
eigedomen Mikkelsgarden (Tostrupsgarden no,
beint imot Stortinget). Då han var i si beste
kraft og i fullt arbeid, døydde han etter ei stutt
sjukelege av lungebrand i 1843.

Den eigedomen, der alt det dei åtte var sett
inn, kasta ikkje noko av seg i den tida, og den
unge enkja måtte flytta til Hedmark med tri

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free