Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
slikt, men tok so til å fortelja um Sagatun og
arbeidet på Hedmark. Det varde heile tida heilt
til Hamar med 10 min. frikorter på Lillehammer
st., der vi fekk oss litt mat. Det var ikkje
samtale. Han kunde godt stade på eit kateter og
tala plent det same der.
Arvesen har dikta mange songar som no er
kjende og brukte i skulane over heile landet.
Mest brukte er vel: «På Eidsvoll stander en
sagahal», — «Nødig siger vi farvel» og «Fremad
en verdens vilde røst». Det ser ikkje ut til at
han har havt store vanskar med å skriva
songane. Det var ei naturleg utløysing for ei
stemning, som det er hjå lyrikarane. Ein av dei mest
kjende songane «Fremad er verdens vilde røst»,
skreiv han i 1861 som takk til danskane då han
og Anker reiste frå Danmark.
Songen i fyrste form tok til slik:
«Se skibet iler nu rask fra havn,
de nordmænd skal hjemad vende.»
og er på 10 vers.
Fire år etter, då Arvesen heldt brudlaup, las
Frits Trier (bror til den kjende høgskulemann
Ernst Trier) dette diktet upp. Arvesen tykte det
var vent og spurde kven som hadde skrive det;
og han vart undren då han fekk høyra at det var
han sjølv. Han fekk ei avskrift av det. Dei si-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>