- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
39

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ter å ha gått igjenoxn ein slik skule. Men det
kunde ikkje nokon lova. Dei fleste bønder
syntest at skular, som ikkje kunde føra til ein
leveveg, var noko tull. Vilde ein evnerik bondegut
«lenger fram», so hadde vi landbruksskular,
un-derofficérskular, seminar og slikt. Ein tenkte
berre på den nytta fagdaninga kunde gje. At
alle treng «ein ålmen åndeleg underbygning»,
som Vinje seinare skreiv um, hadde dei fleste
vanskeleg for å skyna.

Det var og dei som tenkte onnorleis. I allfall
fekk skulen mange elevar fyrste vinteren og dei
næraste åra utetter.

I 1865 vart Arvesen gift med Sofie Marie
Stangeby frå Onsøy, dotter til skipsreidar Nils
Stangeby. Ho vart høgskulemor etter at Ankers
slutta og var til stor studnad for skulen, tok seg
av elevar som vart sjuke og såg til dei på andre
måtar. Um ho ikkje hadde upplæringstimar på
skulen, fekk ho mykje å segja for elevane,
intelligent og skynsam som ho var. Ho tala med
dei når noko stod på, og gav råd i det vande
spursmålet um kva veg ein skulde slå inn på i
framtida.

Sagatun hadde i dei fyrste åra mange elevar
frå Telemark. Etter innbjoding frå fleire av
desse, kom Arvesen og frua ein tur til Seljord i
pinsa 1878. Han heldt tri foredrag der og reiste
sidan til Vigmark ved Grimstad, der Viggo
Ullmann heldt folkehøgskule. Der var få elevar,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free