- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
268

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein som vil koma seg fram ved alle slag råder. — absint
ein sterk, grønleg likør av ymse slag malurter og anis, som
dei drakk uppblanda med vatn (mest i Frankrike). —
Side 181. Monsen — sfr, s. 149 og merkn. — Side 182.
internasjonale — «den internasjonale samskipingi av
arbeidarar» frå 1864 (på grunnlag av ideane åt Karl Marx),
nådde høgdi 1871, slitna sund 1872. — «/ rosenlund under
sagas hall* er byrjingi av diktet «Mindets Bæger» av
Welhaven, mykje nytta tidlegare.

Side 184. tGhmtarnes — sjå merkn. til s. 173. —■
fortjust — fortrolla, fjetra, forheksa ved trollsongar. —
attergløyme — møykjering, gamal ugift kvinne. — Side 185.
marknaden — den eldgamle vintermarknaden i Oslo, fyrste
tysdagen i februar, handelsstemne og trelast- og hestemarknad
med yrande liv på torgi. Tok til å gå attende i 60-åri, og
avskipa offisielt 1899, so nær som hestemarknaden. —
Side 186. raudvinspjolter — i 1, utg. stend: «Selters med
Raudvin». Ordet pjolter av uvisst upphav. — Grundung —
grunnleggjing; serleg å gjera upptaket til eit økonomisk
tiltak, lutlag; sumtid med eit liti sidetyding av ureel
spekulasjon. — Side 187. Kyrkjemøtet i Nikcea — år 325,
det fyrste ålmenne kyrkjemøtet. Det var 318 biskopar til
stades med avgjerdsrett. Det vart fastlege som rett-truande
lære at Kristus er gud, jamstelt med faderen. Til å byrja
med var 22 imot (og samd med Arios), til slutt berre 2.
Der vart ikkje røysta på moderne parlamentarisk måte, men
truleg med underskrifter. Arios var presbyter og Athanasios
diakon, so ingen av dei talde med ved avgjerdi. —
Side 188. Bernt Bruvik — i r. utg. heiter han Olai B,,
men det er retta i 3. reviderte utg. til Bernt, so nær som her;
det må likevel vera same mannen, sfr. s, 51 og 65. —
Olsen den fyrste — sjå s. 48. — Hærland — sfr. s. toi
og merkn., og 214 og merkn. — Side 190. parykkblokk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0272.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free