- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
206

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so måtte han høyra på kveldsbøni hans Kristian,
som vart både lang og drjug. Ja; den som var so langt
komen! Daniel for sin part fekk vel drygja til han vart
prest. So lenge ein låg her og studera, hadde ein so
mykje anna å tenkja på . . . det var ikkje so greidt.
Elles var det no som ein tok det til med denne
bonde-skikken å «halda bøni»; i fine hus bruka dei det aldri,
og dei kunde vel vera like gode kristne for det? —
Daniel gjekk, so snart bøni var frå-seg-gjord; og han åt
ikkje oftare til kvelds hjå Kristian Bliland.

Men stundom åt han til kvelds hjå Endre Storr. Fru
Louise var alltid hyggeleg; og so lærde han formell
daning i det huset. Grosseraren kom Daniel til å lika
betre og betre etterkvart. Det var ein vitug mann; og
han var ikkje so materialistisk heller som fyrr; det var
som han fekk meir og meir vyrdnad for den akademiske
daning etter kvart som han såg, at det var frå den me
måtte venta den største hjelp mot frasepolitikken.
Student Stensrud og hans vener vanka jamt hjå Storr;
Daniel vart so halvt um halvt kjend med sume av dei;
og han fann ut etter kvart, og vart glad ved det: at på
botnen var dei ikkje so overlag fine endå.

Noko anna tok han au til å skyna som gjorde ’n
godt: Folk flest var visst ikkje stort sjølvstendigare enn
han hadde vore. Det var nok ein heller ålmenn ting
det, at folk lånte sine meiningar av andre; og so vart
dei sjølvstendige med åri, etter kvart som desse lånte
meiningane grodde seg fast i dei. Daniel hadde ei
kjenning av, at han snart skulde vera likso sjølvstendig som
nokon av dei andre; Halvor Mosebø kunde for den
skuld vera kor han vilde med fyrelesningane yver etikken.

Meir og meir lærde han å forstå, at det ikkje kunde
nytta å «tru på bonden?. Han hugsa den kallen som
han gjekk burt etter bygdene skiten og svart og grov
i moldi og tenkte berre på det som gav i gryta, full av
hat og mistru til autoritet og daning og upplysning . . .
Skular vilde han ikkje ha; Jensens lesebok var
djevelskap; vilde ein læra han folkeskikk, so berre vart han
vond eller gjorde gjøn; og statssaker hadde han so lite

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free