- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
179

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

laget der han var. Å ja morosam; men han var ein
jonglør. Han var av same slaget som desse andre
«folkevennerne»; det var s’gu seg sjølv han tenkte på.
Hadde han vore talar, so burde han ha gjort som denne
kandidat Meier og andre av det slaget, som for på
landet og heldt «folkehøgskule» — Block frynte når han
nemnde slike ord — og kom att stortingsmenner . . .
«Meier? Trur du han vil bli stortingsmann?» sa Becker,
Å, Block kjende krutet. Meier gjekk her ein gong og
søkte eit prestekall, og då han ikkje fekk det, so . . .
ja då var det at herr Meier drog til fjells til å vekkja
folket! — Nå, det var s’gu ei god upplysning, meinte
Becker. «Er det sant det?» — «Det skal vera sant.»

— «Det var ei forvitneleg upplysning! Den Meier galdt
for slik ein høgidealist» ... A skitt; det var s’gu same
sørpa alt. Kandidat Meier var so god ein sakførar
Stensgaard som nokon kunde sjå, ein av same slaget
som desse brandraude fyrane nede i «Frams» klikk . . .
Daniel kvakk. «Å, lat oss no ikkje få politikk att,»
bad Viborg. «Det er då fanden, at so snart ein kjem
på landet so skal ein politisera!» — I det same kom
proprietæren og dei andre inn att; samrøda skifte emne.

Daniel høyrde ikkje stort på det som vart sagt. Han
sat og vreid seg og tenkte på talen for fedrelandet.
Men kvar gong han skulde våga seg fram, vart han
modlaus; det var ikkje greidt a tala i so fin og kritisk
ei forsamling. Rett som det var, sa proprietæren og
grosseraren godnatt. Proprietæren var gamal,
grosseraren trøytt; «men ungdomen skal sitja!» lo
proprietæren gjestmildt. «Ja, me vil s’gu sitja!» meinte student
Stensrud; dei gamle gjekk. — Kunde det no nytta å
tala for fedrelandet? —

Block laga seg nytt glass; der vart eit ordskifte um
den rette måten å laga toddy på. Becker, som hadde
vore i utlandet, fortalde framgangsmåten med å laga
absint; kom so til å tala um Paris og livet der; Daniel
fekk høyra um ting som han ikkje trudde kunde finnast
i verdi. Frå Paris flutte samrøda til Kristiania; og Daniel
kom etter, at han nok mest var likso framand i Kristi-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free