- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
132

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var Ole Bentsen og Peter Dirk nettupp utgjengne. Dei
kom att ut på ettermiddagen ein gong.

Daniel var so klar at han knapt kunde halda seg
uppe. Men time etter time gjekk han og drog seg;
svabba i snøsøyla gate upp og gate ned, til dess han
kunde tru dei var heimkomne. Det var ein syrgjeleg
dag. Mat, mat var hans einaste tanke.

Sistpå orka han ikkje meir. Det sleit for bringa av
svolt; han var so utmødd at han svimra; yver augo låg
som ei heit tyngd. Han fekk upp og høyra etter.

Med møde og strev nådde han huset; han var so veik
i knéi. Gudskjelov. Dei var heime. Han pusta ut so
godt han kunde og stivde seg upp; han vart so bljug
der han stod. Det var nok ikkje sagt kor velkomen
han vilde vera; og desse karane hadde han aldri havt
noko lag med. Og no kom han og vilde låna pengar.
Men ein fekk gjera seg hard.

Han banka på og steig inn. Godkveld, Der var
myrkt inne; dei kjende han ikkje. «Godkveld?» svara
det spyrjande. Det brann koseleg i omnen; her var so
varmt at Daniel svimra. Han gjekk fram og tok Ole
Bentsen i handi; «De kjenner meg kanskje ikkje att?»
spurde han; mælet vart so underleg holt og klagande.
Peter Dirk, som låg burt i sofaen og røykte, reiste seg
og kveikte ljos; Ole Bentsen drog etter kvart kjensel
på Daniel og sa: «Å — er det . . . so sjeldsynte folk
som er ute og gjeng?» — Daniel raudna og sa at dei
budde so langt av leid. Har. hadde ofte tenkt å sjå
uppum dei; men . . . tidi . . . So gjekk han burt og
hejsa på Peter Dirk. «No kor gjeng det?» sa denne.

* Å takk.» «Sit ned»; han sette seg.

Ole Bentsen og Peter Dirk såg på guten; glytte so
til kvarandre med ei serskild augnebragd. Dei hadde
høyrt at det skulde stå smått til med Daniel Sørbraut;
no fekk dei sjå det. Han var gul. Kring augo låg
ein breid, sjukleg ring. Og dei raude ruskute
skjegg-flisene gav andletet noko vilt og forkome. Peter Dirk
vart so teken av det han såg, at han gløymde seg sjølv
og spurde Daniel, um han vilde ha eit glas øl; «takkl»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free