- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
74

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

einskapen gjenom dagsens brotne stråleleik; men her, i
åndsheimen, nådde ikkje dei villande røyster inn; her
var høgd og fred; her fann åndi seg sjølv; her vart
ikkje tanken sundra og sprengd av det tilfellelege, det
små og spreidde, det sundrivne og tankelause, einsiduge
og endelege i det vanlege Kvet; her skulde ein,
menne-skjeleg tala, sjå gud som han var, tala med åndi
andlet til andlet (bravo!). Ein halvfull hund burte i ei krå
våga seg til å segja vov! men vart nedhyssa.

Der ute galdt det dei praktiske fyremål, det nyttige
for dagen, det «matnyttige», um han måtte bruka eit
slikt ord; her galdt det, frigjort frå a!l vildring i det
mangfelde og sundskilde, å søkja det ævelege, det i seg
sjølv vesentlege og sanne. I dette høge livet, i denne
åndelege presteskapen, var det at mine unge herrar no
skulde koma inn; men dei kom ikkje tomhendte, um so
var; dei hadde sin ungdom.

Professoren viste kor merkeleg vel laga for ide-livet
nettupp ungdomen var med sin sterke ideale hug og
sin sans for det store og ålmenne. Når den friske
ungdomen kom inn i det ideale åndsliv, var det på den eine
sida han som fann seg sjølv; men på den andre sida var
det åndi som fann honom eller fann seg sjølv i honom.

— Dei som stod ved dørene, tok til so smått å dra
seg ut; dei som inne sat, stakk på punsen; det vart
langt, dette, skyna dei.

Daniel høyrde på med djup åhug. Dessverre forstod
han ikkje alt; men det fann han rimeleg. Og det
gjorde ikkje stort heller; for han kjende det på seg, at
professoren hadde rett.

Det um det høge åndslivet kjende han att frå
kapellan Hirsch, berre det her var so mykje djupare og
lær-dare. Og at det vanlege kvardagslivet var noko tufs,
det visste han.

Det som kom sist var best; og då fekk professoren
samtykke frå sjølve hundane.

Det var reint gale, sa han, når dei unge studentane
trudde at det galdt um å lesa so svært mykje i dei
fyrste par år. Det var ikkje meiningi det. Arbeidet,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free