- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
13

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vorte fant, av di han hadde kosta so mykje ut på
sonen. Og han far, stakkar, han var nok ingen riking
han.

Men meir og meir drøymde Daniel um presteskulen.
Kven kunde vita; det var ein som styrde alt. Og det
kunde koma både råd og hjelp, når berre han vilde.

Dei hjelpte han å drøyma, bygdefolket med. <Det
kunde verta noko stort av den guten,» fekk han stundom
høyra at den eller den hadde sagt, «berre det var nokon
som vilde halda han på skular.» Noko stort! Det
måtte vera prest, det. —

— Dei hadde fenge ein ny kapellan der i gjeldet for
eit års tid sidan; han heitte Hirsch og var austantil.
Det skulde vera slik ein snild mann, denne Hirsch. Då
Daniel gjekk og las, fekk han gå for honom.

Der var noko serskilt med denne mannen. I Kristiania
var han komen i lag med folk som hadde ført han med
seg inn i ein reint ny tenkjemåte; av dei hadde han
lært noko som embetsmenner aldri hadde visst um fyrr:
«Tru på folket» og serleg tru på bonden.

Det var bonden som sat inne med dei bundne krafter
i landet. Hjå bonden drøymde dei uløyste tankar,
som skulde reisa det nye Noreg. No var Hirsch komen
på bondebygdi. Og alt um han i grunnen totte bonden
såg annarleis ut enn han hadde tenkt, so drøymde han
likevel stødt um den åndskrafti han meinte han her
skulde finna.

Kapellan Hirsch la snart merke til Daniel. Han lika
denne sterkbygde guten med det rolege godslege
andletet; serleg lika han augo. Dei kunde sjå so blidt
og trufast på ein, desse augo; det drøymde ånd i dei,
meinte Hirsch. Og til hans store glede viste det seg,
at guten hadde gåvor. Det var ikkje nok med at han
lærde leksone; han skyna det han las, og visste so
merkeleg godt å finna dei rette svari. Med stigande
voner fylgde kapellanen guten ut gjenom bøkene. Og
sistpå visste han, at dette var ei bundi kraft. Han
spurde etter um Daniel hjå læraren hans, og fekk høyra
både av honom og av anna vltugt folk, at det var ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free