- Project Runeberg -  Bondestudentar /
340

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_340_

han i Sofaen og stirde, snart stod han framfor Sp
egi-len og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg og underleg
var han; Daniel bad Gud fri seg for aa verta gamall
Student. Stundom prøvde Karl Magnus aa faa Ordet;
men det nyttad sjeldan; Dølen vilde tala sjølv. Og
kva annat kunde han tru, sagde han, enn at vaart
nasjonale Stræv var Tull og Tøv, naar han saag, kor
lite dei norske Odelsbønderne brydde seg um baade
Maalet og Landet sitt? Dei gav sjuttan i heile Stasen
og drog til Amerika; det var den Hjelpi, me fekk av
dei. Og so sat han der, han, stakkars Kroken, i sitt
kalde Kammers og skreiv og skreiv, og blees paa
Fing-rarne, at dei ikkje skulde valna, og lo og slog seg
glad for aa sleppa aa graata; og dei las og lo og
hadde Gaman og totte den Dølen var ein trøysam
Kar; men dei vilde ikkje hjelpa han so mykje som
med litt Skriving dessmeir, so han kunde faa Tid
til aa arbeida paa slikt, som betre kunde visa, kva
han dugde til. Og var det ein Gut, som der var
Von i, so skulde du mest jamt sjaa, at han døydde,
fyrr han vart mogen. Smaarusket og Skrapet, det
livde, for det kunde liva seg under kvar Tuva; men
var det eit Ungtre, som skaut seg høgare upp, so
vart det brotet av Ve’r og Vind og vonde Dagar ; og
det verste var, at ein maatte segja dei var sæle, som
fara fekk. Som no denne Hærland’en. Det var just
slik ein emneleg Gut, som Dølen hadde ventat seg
stor Hjelp av i sitt nasjonale Stræv ... no laag han
der! Dølen greet. »Hærland? er han sjuk!« skvatt
Daniel upp. »Ja«, svarad Karl Magnus. »Han hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0349.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free