- Project Runeberg -  Bondestudentar /
334

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_334_

forstod dei. Dei liadde drøymt stort og fagert, dei
og eingong; og so skulde dei no sitja her og maula
Labskaus millom Arbeidsmenn og Fiskekjeringar. Det
var fælt aa tenkja paa. Og endaa vilde Jaabæk
knipa, — knipa og knipa paa kvar stakkars
Skillingen, som ein arm Statsteaar skulde freista Livet med
i sin gledelause Alderdom. »Folket«? Folket saag
dei her rundt ikring seg, sterkt, raatt og friskt;
Folket livde likso godt som dei, betre enn dei, og
hadde ikkje kostat ein Skilling paa aa læra Græsk
og Latin. Ein dugande Arbeidskar tente kanskje
ein Dalar um Dagen, og han hadde ikkje
Veksel-obligasjonar sugande paa seg som Blodiglar, elder ein
Flokk Gutar, som var nøydde til aa studera . . . Folket
hadde det godt; dei, som var upplyste, hadde det
vondt; og endaa sat han Bonden der uppi Thinget
og vilde knipa og knipa . . . for no var det
Raa-skapen, som skulde regjera; Raaskapen skulde styra
Landet! — Daniel kunde godt forstaa, at dei kallad
Jaabæk upp paa sine Hestar og Hundar.

Han saag det so klaart som Soli: Embættsstanden
maatte bergast uppe. Den raae Hopen vilde, at alt
skulde vera Hop, og so laag dei og nivellerad og
nivellerad og vilde røra alting saman i ei Sørpa; det
var komet so vidt, at Bondegutar gjekk her og gjorde
Narr av Embættsmennerne ... og dei hadde litt Rett:
Embættsstanden var ikkje lenger det, han hadde
voret. Men slikt gjekk ikkje an. Nokot maatte der
vera i eit Samfund, som lyfte seg upp yver Mugen;
nokot maatte der vera, som var stort og ædelt og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0343.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free