- Project Runeberg -  Bondestudentar /
264

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_264_

Upplæring, som ein Student skulde hava; dei var
comme il faut i det eine som i det andre. Og slike
Studentar kunde liva idealt. Dei drakk seg ikkje fulle
for aa vera glade, dei var lystige, men ikkje ville,
og taktfulle, kor fritt dei so skjemtad. Dei hadde
Aand og Vit og fin Form; alt det, dei gjorde, vart
fagert og svingfullt; — men Bondestudentarne var
Bønder, kor ein gjorde av dei. Han tenkte med
Uhug paa det Studenterlivet, han sjølv hadde livt.
Dette tunge Staaket med Strid og Politikk og 01 og
daarleg Toddy, det kunde vera for det det var, men
idealt var det ikkje, og Studenterliv var det ikkje
helder. —

Grosserar Storr sat i Sofaen og smaapratad med
Frøken Hanna. Men Herrarne Knutzon og Viborg
drog seg burt til Fru Storr og gav seg i Drøs med
henne. Ikkje i Drøs, men i Konversasjon; og det
var forunderlegt, so fint som dei kunde te seg. Daniel
lagde Merke til dei for aa læra, og han gjorde upp
med seg sjølv, at naar han kom til Byen att, so vilde
han gaa paa Danseskule.

Dei andre heldt Lag med Proprietæren. Bang
Block sat og var morosam, Becker var kvass og
vittig. Hr. Petersen kunde og vera vittig some Tider,
men lo jamt aat sine eigne Paafund; ender og daa
kunde han sjaa dum ut med sin blanke Skolt og sitt
opne, breide Brillesmil. Men naar Proprietæren kom
halande med sine Setningar, var det som naar ein
Vognmannsgamp vil dansa millom Cirkushestar. Det
kom so keivelegt og usvipelegt, at dei andre maatte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free