- Project Runeberg -  Bondestudentar /
194

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_4_

tenkt, at Jens End hadde havt finare Teft i slike
Ting. —

Kafé nasjonal var kjend som fast Samlingsplass
for Frams Flokk, og hadde av den Grunn stor
Søkning av den »folkelege« Ungdomen. Daniel leitad
med Augo etter Fram, men der var ingen her, som
han kjende. Gjenom den halvopne Døri til det inste
Romet saag han eit Par Fyrar, som kanskje kunde
høyra til Flokken; lange var dei og lurvne og minnte
um eit Ord, han hadde set i Bladi: Røvarar fraa
Appeninerne; dit inn tok Rud Vegen. Og der fann
dei Fram; han sat for Bordenden og skreiv.

Daniel saag ikkje stort annat av Mannen enn
eit meiningslaust langt, svart Haar, som hekk ned
yver Augo hans, og som han stundom, men reint til
Faanyttes, strauk upp yver Pannen med Haandi. Han
var klædd i ein svart Bonjour, som var blank paa
Aalbogarne av lang Tenest og litt frynsutt fram-med
Henderne av same Orsak; mager vai’ han, og
langbygd. Paa Bordet framfor han stod ein ordrukken
Kaffikopp og ein Kopp med Moltur; Skrivpapir hadde
han ikkje; han sat og skreiv paa Kanten av eit
gamalt Avisblad, og Baksida av ein Subskripsjonsplan
hadde han skrivet full og lagt ifraa seg. Dei tvo
Røvararne sat og las Avisur; Rud og Braut sette seg
for den andre Bordenden. Der var stilt i Romet;
ein høyrde bene Pennen skrasla og riva i det grove
Trykkpapiret, og Fram saag ikkje upp, utan kvar
Gong, han var burti Moltekoppen. Daa stirde Daniel
forviten paa dette lange, klaare, sterke Andlitet, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free