- Project Runeberg -  Bondestudentar /
161

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

161_

visst, at Bonden var slik Kar; men naar ein
By-student sagde det, og naar Folk som Hans Haugum
og Jens Rud samtykte i det, so maatte det vera
sannt; og daa var det staut aa vera Bonde. Han
gjorde seg ein Sving burtum Spegilen og saag, at
Duskeluva ikkje sat so ille endaa. —

God og mett ruslad han heim. I Morgo vilde
han skriva Friarbrev. Jens Bakke sende nok Pengar;
og sende han ikkje, so vart der væl ei Raad. Verdi
var god og glad, og Folk var so snilde. —

Daa han kom upp paa Hybelen sin, var der
reinskurat og steilt som til Helg. Stakkars Berta
Maria, det hadde visst ho gjort til Æra for Dagen.
Berta Maria var ei bra Gjenta. Han burde vera
snildare mot henne heretter, enn han hadde voret;
ho fortente det. Stakkar, ho hadde voret so bleik
i seinare Tid; bar ho kanskje i Løyndom paa ein
Elsk, som ho visste var vonlaus? —

Tung og trøytt lagde han seg paa Sengi og seig
inn i øl varme Draumar. Fyrr han visste av det, sov
han, og sov heile Notti som ein Hest. Daa han
vaknad, hadde han vondt i Hovudet; men det gjorde
ingenting, det høyrde med til det ideale Studenterliv.

— Tunge, ukjende Stig kom stabbande; Døri
gjekk upp, eit framandt Kvinnfolk kom inn med
Kaffien. Det var eit digert, raudt Gjeiltebeist,
skakk-mynnt og med Rottetenner; rund var ho i Ryggen
og skeiv i Mjødmerne. Daniel stirde, som han ikkje
visste, kor han var. »Vessgo!« sagde Gjenta. »Aa
saa skulle jæ høre, om Dere ska ha kjøpt noe i Byn

Garborg: Bondestudentar. 11

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free