- Project Runeberg -  Bondestudentar /
152

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

152_

— »Goddag, Braut!« sagde Aslak F jordan;
»oli-oh! du gjeng ikkje fort, du!« Daniel skvatt upp:
»Goddag, goddag! — Naa, kor langt skal du?« —
Aa, Aslak skulde berre upp til sin gode Ven Student
Hærland og faa slaa i seg det grøvste av
Syntaksis-sen, sagde han. Det var slik ein Traavar i Latin,
den Hærland*en; og i Morgo skulde Aslak upp i
Latin, men kunde — hoh-oh-oh! — kunde, forsyne
seg, ikkje det Grand. Huff, det var ein fæl Bask,
denne Eksamen. I Græsk hadde han voret sjuk som
dei andre Nonistarne, og i Arithmetik hadde han 6,
so han maatte kontinuera; det gjekk til Dunderen
med heile Svarvestolen, meinte han.

Uheppen hadde han voret fraa fyrst til sist og
voret ute for altslags Fanteskap av Professorarne.
»Ja, enn eg daa?« sagde Daniel. » Hoh-oh-oh! men
i eit Fag var eg heppen!« heldt Aslak fram, »og det
var i Historie.« — »Just der var eg . . .« —
Hoh-oh-oh! ein skulde aldri høyra slikt! Aslak hadde
sleget upp — reint blindt — sleget upp tri Stader
i Verdenshistoria, og lært dei, og meir Historie kunde
ikkje han! Daa han so kom upp, fekk han — plent
dei Stykki, han hadde sleget upp; og han hadde
fenget 1 i Historie, hadde ikkje den Tullebukken
den Professoren komet toskande med den franske
Revolusjonen, som Aslak ikkje kunde det Slag av.
No fekk han 2; men den Karakteren kom kanskje
endaa til aa berga Eksamen for han.

Aslak lo og fortalde, so han kom i Godlag, og
so kunde ikkje Daniel helder stura lenger. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free